det er kvite skyer
det er lyden av
regnet som vil kome
det er lyden av
steg på grus
det er lyden av
banking på ei dør: eg opnar
som om eg var tilstades
det er ho som står der: blafrande i gull
ho seier tanken var
at ingenting
skulle takast med til det nye året
det er best eg ikkje seier noko
det er best å ikkje røpe, ikkje vise at ein ser
eg lar døra vere open
ho brenn
ho brenn seg inn
ho står i rommet mitt og brenn
det er kvite skyar
det er lyden av
regnet som vil kome
det er ho som seier: kom! |