Nattferd

TRANCE O NICHT

Tekst til Sally Beamish sitt stykke for okrester og vibrafon skrive til Evelyn Glennie og Nordlysfestivalen, urframført av Evelyn Glennie, Tromsø Symfoniorkester og dirigent Bjarte Engeset under Nordlysfestivalen 27. januar 2005. Teksten er skrive av komponisten og er omsatt av Are Frode Søholt og Anders Fitje.

Originaldiktet og omsettinga er publisert her etter lyve fr

komponisten og hennar forlag, Norsk Musikforlag.

 

 

 

I (a). Yird on-ed Sin

efter he's awa

the mirk

conforts her

aleen

her tears turn tee frost

fyle she sleeps

I (b). Mirk

I'm Mirk

I bide i eynless lift

I'm the swart corbie

the gloamin-slae

the bitter ink

I'm the Taigler

ye haud up yer sma boutets

an I smoor em

wi ess

I'm the Soother

I hod ye, hap ye

wi ma blae-bleck mantle

dase ye, daver ye

intee valvet

foryettin

 

I (a). Jord utan Sol

når han er gått

er mørkret

hennar trøyst

åleine

frys tårene til is

når svevnen kjem

I  (b). Mørk

Eg er Mørker

Eg sviv i end'laus luft

Eg er den svarte ramn

det mørke bek

det bitre blekk

Eg er Forvirring

Løft du di vesle lykt

og eg kveler den

i oske

Eg er Lindring

eg slører deg, dekkjer deg

med mi svart-blå kappe

eg byssar deg, lullar deg

inn i fløyel

gløymande

   

II. Scurryvaig

sam jeester taks

a braid brush tee

the deid dairk

cramaisie an greenichtie blae

waps an oxerfu o jewels

athort the nicht

spreks aff

the glaizie grafitti

a braisan shaw

awa up i flams

II. Omstreifar

Klovnen fører

brei pensel mot

eit daudt mørker

blodraud og sjø-grøn

kastar ein neve juvelar

mot natta

set gnist i

ein glitrande grafitti

eit skamleus syn

opp i flammehav

   

III. Erst Licht

i the mirk

his tender finger

draas a roisin gait

alang her back-been

she

chivers, melts

warmth kirnin her

fluchtin her pulse

dirls, swyes

til a gowden beat

fyle the daizzlin dauts

snoove atour her -

the daunce sets tee

 

Norsk Musikforlag

III.Første lys

i mørkret

mjuke fingren hans

finn ein rosut sti

over hennar rygg

ho

smeltar, skjelv

varme vekkjer henne

piskar pulsen opp

dirrer, svagar

i ei gylden takt

når dei mjuke teikn

over henne smyg -

dansen tek til