Kjærleg kødding med dei store

GEIRR-OLAV - EIN KONSERT OM, FOR ELLER TIL OLAV H. HAUGE OG GEIRR TVEITT

Konserten Geirr-Olav er inga glorifisering av to store kunstnarar, men det er med stor respekt og kjærleik til det dei store meistrane har laga, at musikarane her rissar opp eit musikalsk dobbeltportrett gjennom kveding over reggaerytmar, fundamentalistisk og valdseggjande nynorskrapp, lokking, allsong og norrøn dadaisme.

Av Are Frode Søholt, songar og skribent

Etter eit levande møte med Geir-Olav, ein konsert om, for eller til Olav H. Hauge og Geirr Tveitt, fekk rapparen Runar Gudnason høyre av ein oppglødd publikummar at konserten var "ei syk blanding av kreativ rapping, trekkspelbassing og vassperk. Eg blei Oppfylt av Sanningi med din aforistiske Hauge-rapp. Ingen elg, ingen solnedgang." Konserten dei fire musikarane Benedicte Maurseth (song og hardingfele), Runar Gudnason (rapp), Gabriel Fliflet (trekkspel og vokal) og Snorre Bjerck (trommer, elektronikk og vokal) har laga i høve 100-årsjubileet for dei to hardingane Tveitt og Hauge er i sanning ingen elg i solnedgang. Desse musikarane er ikkje redde for å rokke ved gamle sanningar og bruke dei som springbrett til nye oppdagingar. Dei ønskjer å møte livet til desse to høvdingane frå Hardanger med undersøkjande og humoristiske augnekast.

Eit vågespel

Initiativet til prosjektet kom frå Hauge-Tveitt-jubileet. Dei tok kontakt med Maurseth våren 2007 og spurde om ho hadde tips til folk og uhøyrte konsept som kunne nå ut til yngre folk. Maurseth tenkte på Runar Gudnason med ein gong, som igjen takka ja til å lage eit prosjekt, utan at han heilt visste kva han hadde sagt ja til. Det han visste var at han ville ha med seg duoen Fliflet/Hamre og Benedicte Maurseth. Sidan Olav Hamre på den tida hadde hendene sine fulle i OiOi-festivalen, fekk dei med seg jazzmusikaren Snorre Bjerck i staden. Ingen dårleg erstattar det!

 

Dei har jobba grundig. Lese biografiar, brev og dikt. Og det var jo ikkje slik at verda til Tveitt og Hauge var ukjende for musikarane. Benedicte kan fortelje at ho alltid har hatt eit nært forhold til Hauge sine ord. Felespelaren Knut Hamre, som har vore hovudlæraren til Benedicte sidan ho var lita, var ein god ven av Olav, seier Benedicte, som utan å tenkje seg om bruker Hauges fornamn; «Det er nesten som eg kjenner han, gjennom alt eg har lese og fått høyre frå Knut».  Dei andre har også eit nært forhold til Hauge sine tekstar. Tveitt si verd var ikkje så kjend. På førehand.

 

Dei fire musikarane tok til med arbeidet, og i løpet av fleire arbeidshelgar i Bergen leika og testa dei seg fram til eit konsept. Det er lett å tippe over i ein slik prosess, fortel dei, og det var viktig å finne eit balansepunkt kor ein både kunne lage noko underhaldande og humoristisk utan samtidig å gjere narr. Det er eit vågespel.

Tvisynt alvor

Hauge vert alltid tatt så "høgtideleg", meiner Gudnason. Sjølvsagt skal ein ha respekt, men vi måtte prøve å få det heile ned på jorda og le litt av det. Vi ville kødde litt med desse to, Geirr og Olav, men på ein kjærleg måte. Det er difor vi har kalla prosjektet Geirr-Olav; for dette er ein konsert om to menneskje, ikkje to kulturikon.

 

Ein forfattar som kanskje i lynne liknar meir på Tveitt enn Hauge er Jakob Sande. Sande er i ettertida sett på som ein ramsalt humorist og bygdelivsdiktar, men Sande hadde også eit alvor i dikta sine. Her er det kanskje ein omvendt parallell til Hauge, som er meir kjend for sitt seriøse alvor? Fliflet tykkjer likevel det er meir alvor i dikta til Hauge enn det er humor i Sande sine dikt. Men i tillegg til dette alvoret ligg det noko underfundig og tvisynt i dikta til Hauge. Både Sande og Hauge var vestlendingar, forklarar Fliflet, og dermed tvisynte og ja-takk-begge-deler-menneskje. Folk på austlandet er mykje enklare slik; der må ein gjerne ha ei høgare akademisk utdanning for å kome på det nivået vestlendingane har av natur, smiler Fliflet.

 

Gudnason fortel også kor lett det er å hamne i ein bås. Mykje av det han lagar er gjort med humor, men han ønskjer likevel at det skal bety noko, at det skal vere mørke, alvorlege sider i humoren. Då er det synd at om ein først er stempla som humorist, ja, så må ein leve vidare som klovn. Gudnason viser til Leonard Cohen som på den andre sida ikkje kan fatte at alle vil ha han til å vere ein melankolikar når han sjølv oppfattar seg som komikar. Når vi tøysar med Hauge og Tveitt, så ligg det ein alvorleg undertone og dirrar i oss.

Virtuell tvikamp

Som personar var Hauge og Tveitt ganske forskjellige, både i lynne, levestil og i måten dei såg på sin eigen kunst på. Hauge var den langsame, tenksame, smålåtne lyrikaren, konstant i dialog med seg sjølv og konstant i tvil om sitt eige verd som kunstnar. Geirr var den ville, enormt produktive og eigenrådige komponisten, med sitt heilt eige – og mykje skiftande – syn på kunsten og tilveret. Konserten Geirr-Olav, som tar tak i desse skilnadane, er basert på tekstar av Gudnason og folkemusikk frå Hardanger. Og på toppen av det heile legg dei til frie improvisasjonar og gladlynte samplingar.

 

I eit av stykka har Bjerck henta opptak frå eit barneprogram frå NRK Radio. Her slår Geirr Tveitt seg skikkeleg laus. Med stor dugleik etterliknar han diverse husdyr som geiter, hestar og kyr. Og desse samplingane sender Bjerck ut gjennom ein av høgtalarane. Og i den andre høgtalarane høyrer vi opptak av Hauge, korte opptak, stundom små utdrag av dikt, stundom berre enkeltord. Og på denne måten får vi presentert ein virtuell tvikamp mellom desse hardingane: Geirr Tveitt i entusiastisk barnetimemodus og Olav H. Hauge i lågmælte, haikukorte kommentarar.

 

Fliflet humrar når han snakkar om Snorre: Han er noko for seg sjølv! Ein veldig kreativ og sprudlande perkusjonist, og ein fantastisk vokal improvisator! I eit av stykkja rappar Bjerck ein tekst, og oppgåva til Fliflet på dette stykke er å kore Bjerck, men det går ikkje, fortel Fliflet, han blir berre sett ut av improvisasjonen og kollapsar i latterkrampe på scena.

RIR, SUM, FUR og ikkje minst TYR

Sjølv om det er skilnader mellom Hauge og Tveitt, har dei noko felles. Forutan fødselsår og Hardanger, hadde dei mange felles ideal og inspirasjonskjelder. Både Hauge og Tveitt slost for det nynorske målføret. Musikarane fortel ei historie frå dagboka til Hauge, kor det står at den 12 år gamle Olav kom i basketak med ein medelev og slo han beint ned då han gjorde narr av målet hans. Hauge sette nynorske høgt, og den beste nynorsken var i følgje Hauge å finne i Bibelen frå 1921. Reidar Storaas, som nett har kome med ein framifrå biografi om Geirr Tveitt, skriv i Bergens Tidende (25. mai 1994) om den doggfriske språktonen til Hauge: "I synet på språkleg modernisering var Hauge konsekvent og urikkande, og han viste for alle at konservative nynorskformer ikkje er avleggs og alderdommelege."

 

Geirr Tveitt argumenterte for at ein også burde lage ei norsk harmonilære, med norske tonestigar. Tonalitetskjensla som knyter seg til dur-/mollsystemet var eit urbant fenomen som passa til europeiske byar, og folkemusikken vert jaga bort i dette systemet, meinte Tveitt, og held fram med å seie at dur-/mollsystemet såleis er kulturøydande. Tveitt set seg difor føre å presentere nye skalaer som han meiner gjev uttrykk for norsk og nordisk tonekjensle. Dei underlege namna på skalaene skriv seg frå eit vers i Håvamål, og dette presenterer han i ei særs lite tilgjengeleg teoriavhandling på over to hundre sider med vanskelege musikkuttrykk og geometriliknande tabellar, og alt på tysk.

 

Dette vert det rapp av. Musikarane slår eit slag for nynorsken med ein tradisjonell gangsterrapp. Og gangsterrapp er ein svært voldeleg type rapp; her går ein beint til angrep på bokmålsfolket. Og det er her Bjerck kjem med sin knockout av ein improvisasjon - på liksomislandsk. Rappen heiter: RIR, SUM, FUR og ikkje minst TYR. Namna på Tveitt sine skalaer.

Eg stend eg, seddu

Runar Gudnason er òg kjend som Sjef R i hiphop-gruppa Side Brok, og denne gruppa er representert i ei ny plate frå Grappa, kor norske artistar tolkar Hauge-dikt: For du skin ikkje for deg sjølv. I følgje Gudnason er det slett ikkje rart at det vert laga ei slik plate i jubileumsåret, men at Side Brok fekk vere med, derimot - og endå verre: at Sjef R fekk lov til å ta det alvorlege diktet "Eg stend eg, seddu" og skrive vidare på det!… Dét er rart, seier Gudnason, og legg til at det kan sjølvsagt ikkje tilgjevast! Han tenkjer kanskje på kva som skjedde med komponisten Glenn Erik Haugland då han for femten år sidan fekk kjeft av Hauge. Haugland hadde brukt tekstar av Hauge i tingingsverket "Seddu", og i dagboka til Hauge kan ein lese følgjande: "Eg syntes han var laga for å gjere narr av meg og dikti mine (...) til komponisten sa eg at det var tøv det heile". Kva Olav H. Hauge ville ha meint om konserten Geirr-Olav er sjølvsagt uråd å vite. Men kanskje ville han ha humra litt? Geirr Tveitt vart ofte arg når nokon gjorde jazzversjonar av visene hans, og har blant anna sagt at desse arrangementa er «heilt forjævlig», men legg likevel til at «det er no gøy òg».

 

I finalenummeret fortel nemleg musikarane om Olavs lange liv som ungkar, og at han endeleg får seg dame langt etter han var 60 år. Musikarane framfører "Hastverksbrudlaup". Ein song Geirr Tveitt også har brukt, men her framfører dei songen i langsam reggaestil; som ein slags antihastverksbryllaupsmusikk. Og når dei framfører denne songen om Olav og kona Bodil, ja så sit sjølvaste Bodil der i salen og lyser som ei sol! Og ved andre songar sat ho rett og slett og gapskratta. Og om ho kan tilgje artistane for at dei byggjer vidare på arven etter Hauge, så kan saktens vi andre også gjere det! For, som Hauge sjølv seier det: "Eg stend eg, seddu."